Me held til i Gaupne sentrum i Energiverksbygget. Tor og Oddny etablerte salongen i 1998, men salongen har no i 2017 gått over til AS. Salongen er i eit lyst og opent lokale, og tilbyr frisør, fotpleie, hudpleie, massasje, voksing, vippeløft, negledesign, napping og farge av vipper og bryn, brynslaminering, brudeoppsett, make up og hol i øyrene.
Vi er opptekne av god service, kvalitet og tryggheit. Vi held oss jevnleg oppdatert på frisyrar, trendar og produkt gjennom kurs.
Oddny – Dagleg leiar
Oddny er dagleg leiar for Salong Perry. Utdanna hud og helseterapeut og fotterapeut i 1991. Tidlegare arbeida i Oslo fram til ho og Tor starta opp Salong Perry i 1998 i Gaupne.
Har ansvar for fotpleie på alle 6 instutisjonane i Luster kommune i tillegg til å vare her på salongen.
Ho er veldig serviceinnstilt og gjer alt ho kan for at kunden skal føla seg vel. Ho er svært dyktig og har eit stort kundegrunnlag med mange trufaste kundar både fra fjernt og nært.
Marlen
Marlen har vore hjå oss sidan 2009 og er godt dreven i salongen. Ho er imøtekommande å smilande dame som med dei andre her på salongen er godt serviceinnstilt.
Marlen er glad i å utføre foliestriper/balayage, herreklipp, og er også dyktig i skjegg og fading. Samt forming av bryn. Ho har mange faste kundar men synst også det er veldig spenande og kjekt med nye.
Line
Line har jobba her hjå oss sidan 2010, etter å ha teke fagbrevet sitt i Oslo på Perry Frisør Raddison Blue i 2009. Ho er blid, positiv og serviceinnstilt.
Ho elskar å jobbe med foliestriper og gjerne blonde fargar. Likar godt klipp, styling, permanent og frisyreforming. Brynslaminering tykkjer ho og er kjekt. Line hentar inspirasjon frå sosiale mediar og kurs.
Synøve
Synøve byrja på frisør og hudpleieinstituttet i Bergen i 2013. Var lærling i Arna, deretter fullførte ho læretida i Gaupne. Tok svennebrevet i 2017, før ho byrja hjå oss i 2019. Synøve er blid og imøtekommande, serviceinnstilt og er glad i eit mangfald i kundegruppa.
Ho likar godt blondfargar med bruk av forskjellige teknikkar. Synøve er også dreven i herreklipp og lika godt varierte arbeidsoppgåver som skjegg, bryn, oppsett og sminke. Ho er også ansvarleg for frisør tenesta på Gaupne omsorgsenter.
Sofie – Frisør
Sofie tok utdanninga si i Høyanger og gjekk læretida frå 2015-2017 på Nikita i Sogndal. Etter fagprøva starta ho som utdanna frisør på Leikanger og jobba der 2,5 år. Vegen gjekk vidare til Bergen i 2020 der ho starta utdanninga si som Hudpleiar. Her jobba ho også for Think Hair Wear. Ho begynte i 100% stilling her frå 2021.
Sofie er fleksibel og løysningsorientert og likar godt store som små forandringar. Aller best likar ho stripebehandlingar og ein god hårklypp!
Sofie – Hudpleiar
Sofie starta utdanninga si som hudpleiar på Bergen Hudpleieskole på Kokstad og var ferdig utdanna i juni 2021. Læringskurva har vore bratt og ho har etter den til hatt ein del kurs.
Aller best likar ho voksbehandlingar, vippeextension og hudpleiebehandlingar der ho hjelper deg med å finna gode produkt for din hud! Ingen utfordring er for stor og ho finn alltid løysnignar!
Kontaktinformasjon
Salong Perry fra topp til tå AS
Gaupnegrandane 4
Energiverket
6868 Gaupne
Telefon: 57 68 31 00
Åpningstider
Mandag: 8.30-20.00
Tirsdag: 8.30-21.00
(Tirs: frisør fram til kl.19)
Onsdag: 8.30-20.00
(Ons drop-in: 8.30.16.30)
Torsdag: 8.30-21.00
(Tors: etter 17.00 kun fotpleie)
Fredag: 8.30-16.00
Laurdag: 9.00-14.00